Velkomen til temakveld i Nain torsdag 18. oktober kl. 19.30!

Ekteskapet, barnet og Bibelen i ei kjønnsnøytral tid. Kva står på spel? Kva kan me gjera?

Det tradisjonelle synet på ekteskap og familie er under press i vår tid. Kva konsekvensar vil det få for kyrkje og samfunn?

Øivind Benestad kjem til Voss og vert med på temakveld i Nain torsdag 18. oktober kl. 19.30 der desse problemstillingane vert belyst. Han er tilsett som dagleg leiar i Stiftelsen MorFarBarn. Han har tidlegare vore studentprest i Laget i ca 20 år, 10 av desse i Portugal, og seinare informasjonskonsulent i Åpne Dører. Han har vore aktiv i ekteskaps- og samlivsdebatten i samfunn og kyrkje gjennom mange år, blant anna som delegat på Kyrkjemøtet i sju år.

Velkomen til ein spennande kveld der det også vert høve til spørsmål og samtale.