Visjonen vår: Me vil æra Gud, og vinna, bevara, utrusta og senda menneske.
Verdiar:
Kva vil me skal kjenneteikna Nainkyrkja?
Kva verdiar skal vera berande for fellesskapet vårt?
Me har sett på kva som kjenneteikna dei første kristne – kva dei la vekt på.
I Apg 2:42 finn me noko dei heldt “urikkande” fast på: Dei heldt urikkande fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, ved brødsbrytinga og ved bønene.
Det må vera fordi dette var verdiar som var svært viktg å prioritera. Fruktene av dette ser me også i framhaldet: …..Og kvar dag la Herren til nye som lét seg frelsa. (Apg 2:47)
Me ynskjer at dette også skal vera verdiar for vårt fellesskap
1. Bibelen
Bibelen er Guds Ord, ei levande og kraftfull bok; som skaper tru, gjev liv, set oss i stand til å bera frukt og gjev oss retning i livet. Bibelen skal vera bestemmande både i det me står for, og livet me lever.
2Tim 3:16-17
2. Fellesskapet
Alle som har sagt ja til Jesus som frelsar, og fylgjer han som Herre i livet, er ein del av Guds familie. Gud er kjærleik og Guds born har teke i mot kjærleiken frå Gud gjennom Jesus, og fått kjærleiken utrend i sine hjarto ved Den Heilage Ande. Dette vert reflektert gjennom overgjeving, tilbeding, og nestekjærleik.
Difor ynskjer me eit fellesskap prega av kjærleik til kvarandre, sterke band og indre styrke. Her er nattverden ein viktig del. Samstundes vil me at fellesskapet skal vera ope og inkluderande.
Ef 2:13-22, Rom 5
3. Bøn
Bøn er både personleg og felles bøn, og vert gjerne kalla åndedretten i kristenlivet. I dette ligg Guds anledning til å sleppa til i våre liv og omgjevnader – med tilgjeving, oppreising og frigjering. Bøn inneber m.a.: Forbøn, bønekamp, syndsvedkjenning, bøn for sjuke, takkseiing, tilbeding.
1Tim 2:1-2 , Jak 4:7-10, Ef 6:10-18, 1Joh 1:9, Jak 5:14-15; Apg 28:8, Fil 4:4-7, Salme 66:1-9
4. Oppdrag
Grunnen til at me er på jorda enno, er at misjonsbodet frå Jesus ikkje er fullført. Oppdraget vårt er å gjera menneske til læresveinar (disiplar). Dette skal ikkje berre vera ein aktivitet, men prega heile vårt liv og virke til Jesus kjem att.
Me er kalla til å forvalta alt me har fått av Gud: Tid, pengar og eigedom for at oppdraget skal fullførast.
Me er også kalla til å forvalta skaparverket og vera rollemodellar i dette.
Mt 28:18-20
