Lover for Nainkyrkja Imf-Voss

Lover for Nainkyrkja ImF-Voss

§1 Grunnlag

Nainkyrkja ImF Voss er ei kyrkje som byggjer arbeidet på Bibelen Guds Ord, og den evangelisk-lutherske vedkjenninga. På dette grunnlaget driv kyrkja alt arbeidet, kallar frivillige, og tilset medarbeidarar.

§2 Føremål og arbeid                                                                                                  

Føremålet til Nainkyrkja ImF Voss er å fremja kunnskap om, og leia folk til ei sann og levande tru på den treeinige Gud.

Arbeidsmetodane vil vera omfatta av, men ikkje avgrensa til, forkynning, undervisning, fellesskapsbygging og diakoni. Ut over dette vil ein bruka dei mest tenlege arbeidsreidskap til ei kvar tid.

§3 Status og ansvar                                                                                                          Nainkyrkja ImF Voss er tilslutta Indremisjonssamkipnaden (Ims), og gjennom det også Indremisjonsforbundet (ImF). Ims og ImF har tilsynsmynde.

Nainkyrkja ImF Voss er ei sjølveigande, ikkje-kommersiell medlemsbasert kyrkje med upersonleg og avgrensa ansvar for gjeld.

§4 Medlemskap

  • 4a. Nainkyrkja ImF Voss kan etter søknad og samtale ta opp i fullt medlemskap dei som: 
  1. – har fylt 15 år
  2. – er døypte med kristen dåp
  3. – vedkjenner seg trua på Jesus Kristus som frelsar og Herre
  4. – er gjort kjent med, og er lojale mot kyrkja sitt grunnlag, føremål og arbeid.
  • 4b Ein medlem som lever eit liv som aktivt motarbeider Nainkyrkja sitt føremål og grunnprinsipp, og som ikkje rettar seg etter gjentekne oppmodingar frå eldsterådet, kan missa medlemskapen.

Avgjerda vert teken av eldsterådet, men kan etter oppmoding frå den aktuelle medlemen takast inn for tilsynet (§3) til endeleg avgjerd.

  • 4c Dersom nokon ikkje har betalt kontingent i to år, misser ein medlemskapen sin.

§5 Årsmøte

  • 5a Forsamlinga sitt høgste organ er årsmøtet. Det vert halde kvart år innan utgangen av mars månad. Årsmøtet vert innkalla av styret med minst 1 månads varsel. Forslag som skal handsamast i årsmøtet, må vera motteke av styret innan utgangen av januar. Saker som medlemer fremjar seinare eller på sjølve årsmøtet, kan ikkje realitetshandsamast, men blir sendt til styret for vidare handsaming.

Fullstendig sakliste må vera tilgjengeleg for medlemene 2 veker før årsmøtet.
Berre personleg frammøte gjev stemmerett. Årsmøtet er vedtaksført med det tal medlemer som møter.

Medlemer som ikkje har betalt kontingent i det føregåande kalenderåret har ikkje stemmerett på årsmøtet. Nye medlemer må ha vore medlemer i minst 3 mnd. for å ha stemmerett på årsmøtet.                                                                                                        

  • 5b Årsmøtet handsamar:
  1. Årsmelding frå styret, eldsteråd og avdelingane
  2. Revidert årsrekneskap
  3. Eventuell endring av kontingent
  4. Andre saker som styret eller medlemer legg fram
  • 5c Årsmøtet vel:
  1. Møtedirigentar, to referentar, og to til å skriva under protokollen for årsmøtet
  2. Styreleiar
  3. Styre- og varamedlemer 
  4. Eldsteråd
  5. Valnemd
  6. To revisorar
  • 5d Valnemd blir vald av av årsmøtet. Valnemnda består av tre personar (èin vald frå styret) som blir valde for fire år om gongen, og ein vara. Annakvart år vert det valt inn èin for fire år og ein vara for to år. Styret sin representant kallar inn valnemnda. 
  • 5e Årsmøtet gjer sine vedtak med vanleg fleirtal. Lovendringar krev 2/3 fleirtal.
  • 5f Ekstraordinært årsmøte kan det kallast inn til når 2/3 av styret, eller 1/3 av medlemene ber om det.

§6 Styret 

  • 6a Styret sin storleik, leiar og funksjonstid

Styret består av minst 4 medlemer + minst 2 vara.
Styreleiar vert vald av årsmøtet for 2 år om gongen.
Medlemene vert valde for 4 år om gongen. Desse kan veljast att.

  • 6b Styret sine oppgåver:
  1. Setja i verk og føra kontroll med årsmøtet sine vedtak.
  2. Forvalta og føra kontroll med Nainkyrkja sin økonomi. Større økonomiske saker må handsamast i forsamlingsrådet og godkjennast av årsmøtet. Indremisjonssamskipnaden vert orientert i særskilte høve.
  3. Syta for at arbeidet vert drive i samsvar med Nainkyrkja sine lover.
  4. Styreleiar og ein styremedlem i fellesskap har signaturrett.

§7 Eldsteråd

Eldsterådet består av minst tre menn.  Funksjonstid er sju år, men eldste kan veljast på nytt for sju nye år. Hovudpastor møter i eldsterådet som vanleg medlem, men er ikkje bunden av funksjonstid.

Eldsterådet har hovudansvar for Nainkyrkja si åndelege verksemd, og skal sjå til at ho vert drive i samsvar med grunnlag og føremål. Eldsterådet utøver eit særleg hyrde- og læreansvar.

Eldste vert innstilt av forsamlingsrådet. Forslag til eldste kan meldast til styre/eldsteråd. Kandidatar som får ⅔ fleirtal, vert lagde fram til val i årsmøtet. Det vert fremja det same antal eldste som skal veljast. Eldste vert innsette til teneste ved handspåleggjing og forbøn.

Ein eldste kan etter innstilling frå forsamlingsrådet og tilråding frå tilsynet avsetjast ved ⅔ fleirtal i årsmøte eller ekstraordinært årsmøte.

§8 Forsamlingsråd

Forsamlingsrådet består av styret og eldsterådet.

Forsamlingsrådet har ansvar for tilsetjingar, stillingsinstruksar, utvikling av den totale eigedomsmassen og forsamlinga sitt budsjett. Forsamlingsrådet har også ansvar for å utarbeida tenlege retningsliner som utdjupar og forklarar lovene der det er nødvendig. Endring i retningsliner blir meld til årsmøte.

§9 Lovendring

Endring av lovene må ikkje vera i strid med § 1, 2 eller 3. Endring av lovene kan berre gjerast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte, med 2/3 fleirtal. 

Endringar som handlar om lære skal handsamast i to ordinære årsmøte og krev 2/3 fleirtal. Om eit samrøystes Eldsteråd ikkje er ein del av fleirtalet, vert saka avgjort i eit tredje årsmøte med 2/3 fleirtal.

§10 Oppløysing

Dersom Nainkyrkja ImF Voss etter samråd med Indremisjonssamskipnaden må leggja ned verksemda si, skal Ims ha førsterett til midlar og eigedom, på ein slik måte at det kjem vossebygdene til gode.