Disipler – generalforsamlinga til Imf på Bildøy

Det var godt å vera på Bibelskolen på Bildøy 28. -31. juli. Tema for GF var disipler. Sterke og gode samlingar – og ein fekk erfara ei berøring av Gud desse dagane. Godt også å kjenna fellesskapet! Broder Yun frå Kina – som og vert kalla den himmelske mann – var gjestetalar laurdag. Han vitna om livet sitt og la inn over forsamlinga: Jesus elskar deg! Han tala også utfordrande om at Jesu kjærleik kallar til å fylgja etter Han – om å vera ein Jesu etterfylgjar, disippel.

Du kan lesa meir om GF i Sambåndet her

Det vart ein svært flott opptakt til påska med Bjerkrheim-jazz palmesundag! Ei stor oppleving både når det gjeld det musikalske og det som vart formidla gjennom tekstane! Fint å sjå ein fullsett Nain på begge konsertane.

Så står påskehelga for døra, og det vert nattverdsmøte skjærtorsdag kl. 19.30, langfredagsmeditasjon kl. 19.30 og 1. påskedags-møte kl 19.30. Velkomen til desse møtepunkta i påska!

Bjerkrheim-jazz i Nain

Førydis Grorud, foto: Astrid Kristiansen

Palmesundag kan du få oppleva tekstar av Trygve Bjerkrheim på ein ny og spennande måte! Komponist, musikar og kantor i Vaksdal, Olav Arne Steinkopf, har tonesett og arrangert utvalde tekstar av Bjerkrheim i ”jazz-stil” for kor, solistar og band.

Koret i Nain, Korall, er med i eit felleskor saman med Voss og omland kantori, Kilden frå Vakdal og eit samansett kor frå Samnanger under leiing av Tone Synnøve Øygard Steinkopf. Det vert med eit svært dyktig band med Frøydis Grorud i spissen (m.a. kjend frå «Beat for beat»). Så her ligg det til rette for ei stor musikalsk oppleving med sterke tekstar!

Det vert to konsertar – kl. 13.00 og 15.00. Dei er ein ein del av programmet til Vossajazz – for meir informasjon og bestilling av billettar,  gå til sida til Vossjazz her…