Trusformidling i heimen

Faith Begins At HomeIndremisjonsforbundet hadd forsamlingskonferanse på Bildøy Bibelskole den 25. og 26. mars. Voss Indremisjon er med i forsamlingsnettverket i Imf, og dei som var med frå Voss fekk vera med på inspirerande dagar!

Det vart blant anna sett fokus på kor viktig heimen er når det gjeld trusformidling. Rektor på Bibelskolen Bildøy, Roald Kvam, underviste om Gårsdagens plan for morgendagens foreldre trusformidling i heimen belyst ut frå 5.Mosebok kap 6. Om du ikkje var til stades, kan du likevel få med deg dette. Høyr og sjå her….. Du kan lasta ned denne undervisninga i hefte-form her……

Biletet til venstre er henta frå Faith Begins At Home si side – som også er verd eit besøk….

Halleluja!

Fine møter då Tor Ingvald var hjå oss. Godt å få merka Guds nærver – og berøring av Han!
Fleire gav uttrykk for at dei opplevde det denne veka.
Noko av det største som skjer, er når menneske inviterer Jesus inn i livet – og tek i mot Han som sin Frelsar. Det skjedde denne veka! Halleluja!

Møteaksjon i Nain

Tor Ingvald Lauvrak er talar på alle møta.

Frå tysdag 1. – sundag 6. februar vert det møter i Nain med Tor Ingvald Lauvrak. Han reiser som evangelist i Indremisjonsforbundet. Evangelium er eit ord ein finn i Bibelen som betyr glad bodskap, gode nyheiter. Det er også målet med desse møta; å bringa gode nyheiter frå Gud som gjev håp for livet og framtida. Det vert møte kvar kveld frå tysdag til fredag kl 19.30, og sundag kl 17.oo. Tysdag vert koret Korall med og syng.

Så håpar me desse dagane får vera til inspirasjon og fornying for mange, og at fleire får læra Jesus å kjenna! Det handlar om ikkje mindre enn å få del i det evige livet – som gjev meining og mål for livet her, og håp for framtida!