GODT NYTT ÅR!

Vil ynskja alle eit godt nytt år! Me ser med spenning og forventning på året som ligg framfor oss!  Mange ting i tida kan gjera ein uroleg, men me kan overgje alt til Jesus. Han har oversikt over alt som skjer, og har makt til å gjennomføra sin gode plan for alle menneske som vel å fylgja han.

FørebyggingLaurdag 9. januar kl. 10.00-16.00 skal me ha eit kurs i Nain som heiter: Å vera leiar; Tillit, makt og ansvar. Dette kurset tek opp temaet om det å leva i gode relasjonar med kvarandre slik at ein unngår å trø over grenser inn i andre sitt liv. Vil ha dette fokuset også med tanke på å unngå at personar vert krenka seksuelt.  Anbefalar alle til å vera med! Meir informasjn om kurset her: Førebygging

Me syng jola inn!

julEtter grautserveringa laurdag samlast me og «syng jola inn» i Nain kl 15.00. Ulike lokale song- og musikkrefter vera med å ta del med song og musikk, og det vert og god anledning til å vera med å syngja jolesongane – både gamle og nye.

Dette vert ei flott stund for liten og stor – unge og eldre! 🙂

Førjols-graut i Nain!

graut2Laurdag 12. desember er det all grunn til å leggja turen innom Nain! Frå kl 13.00-14.30 serverer me graut – og den er gratis! Kom innom og nyt god risgraut saman med andre. Så vert det også høve til å ta seg ein kopp kaffi eller te med noko attåt.