Fredagsklubb i Nain

20160304_204943Fredagsklubben er godt i gong og me har hatt nokre gode klubbkveldar. Her er bilete av flotte ting som vart laga på påskeverkstaden. Det er stor aktivitet både i hobbykrok, med ballspel, bordspel mm. Etter eit godt måltid med pizza og grønnsaker med dipp, er det populært med Quiss. Det er ingenting å seie å innsatsen.

Me har hatt ulike tema under andaktane: Skapelsen, kvifor me feirar påske, kva vil det seie å vere ein god ven, Jesus som ven mm.

Det er flotte bor20160304_205345ne me får bli kjende med!

Dei neste fredagsklubbkveldane utover våren er:                            1 april, 22 april og 20 mai