Skaping – evolusjon?

skapingevolusjonLaurdag vert det tema-dag i Nain der tema rundt skaping og/eller evolusjon vert teke opp.

  • Kva med Bibelens truverde i møte med dette temaet?
  • Kva med Bibelens sjølvforståing i møte med vitenskapen?
  • Kva konsekvensar vil dette få for synet på korleis me ser på universet og korleis alt er vorte til? 

Jogeir Lianes vil forelesa om dette. Han er ein av forfattarane av boka «Skapelse og/eller evolusjon – Hva sier Bibelen?»  Det vert høve til spørsmål og samtale i samband med dei ulike tema som vert teke opp. Det vil også verta servert kaffi/te i pausane. Ta gjerne med niste. Dette vert ein spennande dag om eit engasjerande og viktig tema!

Jogeir Lianes vert også med på sundagsmøtet 3. april kl 17.00.