![](https://vossindremisjon.no/wp-content/uploads/2021/02/Skjermbilde-2021-02-14-kl.-22.05.25.png)
Me startar opp med «40 dagar med mål og meining» torsdag 18. februar.
Dette går ut på at ein brukar Rick Warren si bok Målrettet Liv som andaktsbok – les eitt kapittel om dagen. Det vil verta lagt ut introvideo på nettsida/ YouTube/Facebook kvar veke med tema frå boka. Så kan ein også bruka samtale-opplegget bak i boka i smågruppene. Ein kan også bli einge med nokon å samtale med.
Er du ikkje med i smågruppe, og ynskjer å bli med, ta kontakt. Me vil også leggja til rette for gruppe-samtale på Meet om det er ynskjeleg.
Dette har me veldig god erfaring med tidlegare!
Håpar at alle vil vera med på dette til velsigning i eige liv og for fellesskapet!
Om du ikkje har boka, ligg det bøker i Nain – finn deg ei og vipps kr 199,- til 123002
Det er folk i Nain på dagtid – eller ta kontakt: Knut 95242719
![](https://vossindremisjon.no/wp-content/uploads/2021/02/Skjermbilde-2021-02-11-kl.-21.49.12.png)