«Songen gjennom alle tider»

Velkomen til konsert i Nain Laurdag 24. september kl 19.00!

Då kjem songaren og komponisten Gunstein Draugedalen saman med pianisten Torgeir Kinne Solsvik  og har konsert i Nain.

Draugedalen er frå Kviteseid i Telemark. Frå 1972 til 1995 var han den mest brukte artisten i NRK-programmet «Ønskekonserten». Han gav ut  albumet «Blott en dag»  i 2007, som av avisa Vårt Land vart kåra til årets beste kristne plate. I 2014 vart han tildelt Bjerkrheimprisen. Han har samarbeidd med Mons Leidvin Takle, Kjetil Bjerkestrand, Per Tveit, Trond Andersen og Asbjørn Arntsen og sett tone til dikt av Trygve Bjerkrheim, Haldis Reigstad, Åse-Marie Nesse og Knut Hamsun m.fl. Han har selt over 250 000 plater/cd-ar.

Torgeir Kinne Solsvik frå Norheimsund, er utdanna pianist, og har mellom anna vore knytta til Griegakademiet i Bergen og Conservatorium of Music i Sydney. I tillegg til å ha gitt ut fleire klassiske soloalbum, har han eit breidt samarbeid med songarar og instrumentalister, gjerne på tvers av musikalske sjangrar. 

Programmet på konserten vil innahalda mange av Draugedalen sine eigne tonesettingar som ligg i det musikalske «landskapet» mellom viser og romanser samt instrumentale arrangement av salmar. 

Gunstein Draugedalen
Torgeir Kinne Solsvik