Årets jolegåve???

Det var mange som var til stades under konserten i Nain palmesundag 2011 – då det var Bjerkrheim-jazz. Det vart gjort opptak av den konserten, og no er det kome ut på CD. Kjempeflott! CD-en er råd å få tak i fleire stader på Voss – blant anna hjå Jorunn Våle Tonckens (jorunn(a)tonckens.no) – ho har eit bra lager….

Haustkonferanse på Helgatun

Helga 28. – 30. oktober er det haustkonferanse på Helgatun. Det vert dagar med fellesskap og inspirasjon. Rektor på Bibelskolen Bildøy, Roald Kvam, har temasamlingane: – Korleis byggjer Den Heilage Ande det kristne fellesskapet?

Elles vert det variert program  – du kan sjå heile programmet her…..

Det vil også verta eige program for borna under samlingane, så det er berre å ta med heile familien!

No er det tid for å melda seg på, og det kan du gjera her….. Du kan også melda deg på ved å bruka telefonen: 53410704 eller epost post@indremisjonen.no

Velkomen til flotte dagar på Helgatun!