Møteserie i Nain 21. – 23. august!

torgeir tynesKomande helg, frå fredag 21. til sundag 23. august, vert det møter i Nain der Torgeir Tynes vert med. Han er ein flott forkynnar som også har ei forbønsgåve som er spesiell, og mange har fått oppleva frigjering og helbredelse ved hans forbøn. Det vil vera anledning til forbøn også i samband med møta her på Voss. Han har ein måte vera på som gjer at ein vil oppleva å bli møtt med stor respekt i møte med han. Tema for møta er – Eit møte med den levande Jesus. Det er vår bøn og vårt ynskje at den enkelte som kjem får oppleva dette.

Ver varmt velkomen til sterke og gode møter i Nain denne helga!

Fredag kl 19.30

Laurdag kl 19.30

Sundag kl 17.00