BIBEL-MARATON i NAIN!

hjerte-bibelen-620Bibelen er den mest selde og mest leste boka i verda. Denne eldgamle boka er framleis aktuell, forandrar liv og gjev håp til menneske over heile verda.  Komande veke vil heile Bibelen verta lest høgt i Nain!

Det heile startar etter møtet sundag føremiddag kl 13.00-21.00. Deretter vert det frå måndag til laurdag lest kvar dag frå klokka 09.00 om morgonen til klokka 21.00 om kvelden. Då er Nain open, og det er høve til å koma innom, setja seg ned, finna roen, ta ein kopp kaffi og høyra Bibelen lest høgt. Velkomen til eit unikt møte med bøkenes bok!