For den som har vore på Vangen i sommar, vil ein sjå at det skjer saker og ting med Nain. Spennande! Ser fram til å får eit meir funksjonelt lokale. Nokre glimt frå byggeperioden……
Framleis god sommar!
Når me ser tilbake på første halvdelen av dette året, vert me fylt av takksemd og glede! Mykje flott har skjedd i forsamlinga – stort å få vera med på at menneske opnar seg og slepper Jesus til i livet og får ta i mot frelsa Han har å gje. Noko som gjev sikkert fundament og håp for livet.

Å la Jesus vera herre i livet fører til vekst, og frukta av det er menneske som bryr seg om og hjelper kvarandre. På den måten veks fellesskapet.
Spennande å sjå framover, og me har forventning til Gud! Han ynskjer å velsigna og inviterer oss til å vera med på det han gjer . Difor er det vår bøn at me som enkeltmenneske og fellesskap får vera i Guds leiing til velsigning for bygda vår, og at det får ringvirkningar vidare utover!
Purimfest i Nain
Laurdag 15. mars feira me purim-festen i Nain.
Dette er ein jødisk fest til minne om korleis Gud berga sitt folk frå å vera utsletta. I persarkongen Ahasverus’ (Xerxes) regjeringstid blei jødejenta Ester vald som dronninga hans.
Kongen sin øvste tenar, Haman, planla ei jødeforfølging og fekk kongen si godkjenning til dette, men Ester og hennar fosterfar Mordekai greidde å øydeleggja planen ved å gje jødane anledning til å forsvara seg. Dei fikk hjelp av mange av persarane, og Haman og hans medhjelparar blei drept i staden. Denne festen vert feira den 14. i månaden adar som i vår kalender vert i midten av mars – dette året 15. mars.
Gud har lova å ta seg av sitt folk – også me som trur på Jesus er guds folk, og me har hans lovnad om at han vil ta seg av oss! Grunn til å feira 🙂