Hausten nærmar seg

Det er enno sommar og me gled oss over det! Når ferietida går mot slutten og skulane startar opp att, veit me at hausten nærmar seg. Sundag 25. august kl 17.00 vert det samlingsfest i Nain – då samlast me til eit nytt og spennande semester! Hjarteleg velkomen!

Påske!

Det som kunne sjå ut som det store nederlaget då Jesus hang på krossen, viste seg å vera den store sigeren! Der avvepna Jesus djevelen og døden ved at han gjorde opp med all synd og vondskap i verda! At det han gjorde er godt nok, viste han då han stod opp påskedag! Difor kan me jubla ut:

Døden er slukt og sigeren vunnen. Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger? Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova. Men Gud vere takk som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus! 1Kor 15:54-57

Han har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde, den som er gjeven oss i Kristus Jesus frå evige tider,  og som no har vorte openberra då vår frelsar Kristus Jesus kom til jord. Han har gjort ende på døden og ført udødeleg liv fram i lyset ved evangeliet. 2Tim 1:9-10

GOD PÅSKE!

Samlingane vidare i Nain denne påska:

Palmesundag: Storsamling – Påsken i ord og tonar kl 17.00.

Skjærtorsdag: Nattverdsmøte kl. 19.30

Langfredag: Langfredagsmeditasjon kl. 19.30

1. påskedag: Me feirar Jesu siger kl 19.30

Velkomen!