JULEKONSERT MED PARELI!

parelijulMe gler oss til denne fantastiske konserten i Nain fredag 28. november kl 19.00! 

Pareli spelar i hovudsak salmar og bedehussongar frå det rikhaldige utvalet som finst i norsk kyrkje- og bedehuskultur. Her vil den glade julebodskapen verta presentert i arrangement som passar for eit breitt publikum.  Deira måte med å kombinera svært høg musikalsk kvalitet  og varm formidling, vil gjera denne kvelden til ei stor oppleving.

Pareli har sidan 2009 hatt fleire hundre konsertar i Norge, Sverige og USA. Gruppa sin frontfigur, Arne Pareli, er 24 år gamal og har universitetsutdanning i klassisk sang frå Griegakademiet og lever i dag av musikk, samtidig som han er sangevangelist i Indremisjonsforbundet. Han har også vore på Voss tidlegare som solist i saman med Fossegrimen. Denne gongen har han heile gruppa med seg. Rune Hodne Hermundsplass – gitar, Thomas Gallatin – slagverk, Ragnar Løsnesløkken – bass, Gunnar Melbø – piano. – Meir finn du her: pareliband.no

I 2012 gav Pareli ut juleplata «Kling no klokka», og dette er utgangspunktet for julekonsertene deira. På denne konserten vil ein  stort sett få høyra kjende, kjære julesanger pakka inn i smakfulle arrangement som vil gje både julestemning og julefred.

 

No er me tilbake i Nain!

Me gled oss over å få ta i bruk Nain att!! 
Dette vert kjempebra!
tor ingvaldDenne helga får me besøk av Tor Ingvald Lauvrak. Han har vore her før, og mange opplevde å verta berørt av Gud sist han var her. Han har også med seg 5 av ungdomane som no er flytta til Odda for å vera vitne for Jesus der og byggja fellesskap der. Vert flott å møta dei også!
Møte fredag kl 19.30
Møte med internasjonalt preg laurdag kl 15.00
Laurdag kveld vert det ungdomssamling der Ten up også ver med.
Sundag er det som vanleg møte kl 17.00.
Ver med å be for samlingane og be gjerne nokon med deg!

GLEDE!

Berit VBerit H Våle er no tilsett i barne- ungdom og familiearbeidet i 30% stilling. Det gler me oss over! Flott at me no har fått ein person til å ha spesielt fokus på det flotte som veks fram på denne fronten i forsamlinga vår! Ver med å omslutt Berit og resten av familien i forbøn.