Sundag 16. januar vart ein merkedag for oss. Då hadde me vår første dåp i forsamlinga. Det vart ei sterk og god stund både for forsamlinga og ho som vart døypt med sine næraste!
No er det ikkje første gongen det er dåp i Nain. I byrjinga av femti-talet var det fleire som vart døypte i Nain. Då var Vangskyrkja under restaurering og Nain vart brukt til gudstenester. Likevel er det første gongen det har vore dåp i regi av Voss Indremisjon.
Dåpen er noko uendeleg stort! I Romarbrevet kap 6 står det: 3 Eller veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til døden hans? 4 Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og slik Kristus vart oppreist frå dei døde ved sin Fars herlegdom, skal vi òg vandra i eit nytt liv. 5 Har vi vakse saman med Kristus i ein død som er lik hans, skal vi òg vera eitt med han i ei oppstode som er lik hans. 6 Vi veit at vårt gamle menneske vart krossfest med han, for at den kroppen som er underlagd synda, skulle gjerast til inkjes, og vi ikkje lenger skulle vera slavar under synda. 7 For synda har ikkje lenger nokon rett over den som er død. 8 Men er vi døde med Kristus, trur vi at vi òg skal leva med han. 9 Vi veit at når Kristus er oppreist frå dei døde, då døyr han ikkje meir, for døden har ikkje lenger makt over han. 10 Døden han døydde, den døydde han for synda, éin gong for alle, men livet han lever, det lever han for Gud. 11 På same måten skal de rekna dykk som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus.