Årsmøte

Det har vore årsmøte i Voss Indremisjon, og nytt styre er valt. Den nye leiaren heiter no Gjert Gravdal. Dei andre som sit saman med han i styret er Leiv Helge Hope, Øyvind Håheim, Hans Tonckens og Knut Johan Ullestad.

Alpha-kurs i Nain

ALPHA – kva er det for noko? Det er jo den første bokstaven i det greske alfabetet, og kan vera ein start. Alle som leitar – for alle som vil vita meir om den kristne trua, eller som leitar etter eit kristent fellesskap. Læring og latter – det går an å ha det moro samstundes med at ein lærer noko om den kristne trua. Pizza og pasta (eller noko anna godt) – kurskveldane startar med eit måltid. Også eit godt høve til å verta kjend med kvarandre og få nye vener. Hjelpa kvarandre –  i smågrupper kan ein hjelpa kvarandre til å finna svar på spørsmål. Alt du vil vita – ingen spørsmål er for store eller for små, for vanskelege eller for dumme. På Alphakurset vil ein verta teken på alvor med alle spørsmål, idéar og tankar.

Kva tema som vert teke opp i eit Alpha-kurs finn du her…… Og Alpha Norge si nettside finn du her……

Alpha kurset er eit høve til å utforska den kristne trua i eit ope og avslappande miljø. Ein startar kl. 19.00 og sluttar kl. 21.45. I dette tidsrommet er det kveldsmat, undervisning i kveldens tema, og samling i faste samtalegrupper.  Kurset går over ti kveldar og ei helgesamling. Oppstart for kurset vert onsdag 1. februar. Det kostar ca kr 100,- i kursmateriell.

Kontakt, påmelding: Har du spørsmål, eller ynskjer du å melda deg på, kan du ta kontakt: epost: post@vossindremisjon.no

sms/mobil: 95242719 (Knut Kvamme)

Frist for påmeling tysdag 31. jan.

Klikk på biletet for å sjå full størrelse:


Godt nytt år!

No skriv me 2012 – eit nytt år ligg framfor oss. Framtida er ukjend for oss, men det er trygt å få leggja framtida og livet i hendene på han som har all makt i himmel og på jord, Jesus! Han kallar oss til å fyjgja seg – han som er den gode gjetaren. Jesus seier: Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. Joh 10:11. For den som vil vera i fylgje med han seier Jesus: Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei følgjer meg. Og eg gjev dei evig liv; dei skal ikkje i all æve gå tapt, og ingen skal riva dei ut av mi hand. Det Far min har gjeve meg, er større enn alt anna, og ingen kan riva det ut av handa til Far min. Joh 10:27-29  Fantastisk å ta med seg inn i eit nytt år!