Går du med spørsmål som: Kvifor i all verda er eg her? Er det noko meining, eller er det tilfeldig at eg lever og er til? Kva er i tilfelle meininga med livet?
Då kan du vera med på ei reise i 40 dagar der desse og mange fleire spørsmål vert teke opp. ”40 dagar med mål og meining” er ei spennande reise der sentrale spørsmål rundt det å vera menneske vert teke opp.
Forfattaren av boka Målretta liv, Rick Warren, meiner at Bibelen gjev svar på livets mange spørsmål. Desse 40 dagane vil me gå saman for å finna Guds svar på spørsmåla som kjem opp.
Denne serien går på tre ulike plan. Kvar deltakar les eitt kapittel i boka Målretta liv kvar dag, så møtest ein i ei mindre gruppe ein gong i veka. Der samtalar ein om det ein har lese – med utgangspunkt i eit samtaleopplegg knytta til boka. Så vil det på sundsagsmøtet i Nain verta undervist om dei tema ein møter i boka.
Kvar veke har sitt hovudtema:
- Kvifor i all verda er eg her? – Sundag 7. februar
- Tilbeding – Du vart planlagd for å gleda Gud – Sundag 14. februar
- Fellesskap – Du vart danna for Guds familie – Sundag 21. februar
- Disippelskap – Du vart skapt for å bli lik Kristus – Sundag 28. februar
- Teneste – Du vart danna for å tena Gud – Sundag 6. mars
- Evangelisering – Du vart skapt for eit oppdrag – Sundag 13. mars
Oppstart vert sundag 7. februar
Påmelding og spørsmål til post@vossindremisjon.no eller tlf/sms 95242719 (Knut)
Velkomen til ei spennande reise der du kan verta betre kjend med deg sjølv, andre menneske og Gud!