Laurdag 15. desember er det all grunn til å leggja turen innom Nain! Frå kl 13.00-14.30 serverer me graut – og den er gratis! Kom innom og nyt god risgraut saman med andre. Så vert det også høve til å ta seg ein kopp kaffi eller te med noko attåt. Sundag kl 11.00 «Syng me jola inn»! Mykje song og musikk!
Velkomen til temakveld i Nain torsdag 18. oktober kl. 19.30!
Ekteskapet, barnet og Bibelen i ei kjønnsnøytral tid. Kva står på spel? Kva kan me gjera?
Det tradisjonelle synet på ekteskap og familie er under press i vår tid. Kva konsekvensar vil det få for kyrkje og samfunn?
Øivind Benestad kjem til Voss og vert med på temakveld i Nain torsdag 18. oktober kl. 19.30 der desse problemstillingane vert belyst. Han er tilsett som dagleg leiar i Stiftelsen MorFarBarn. Han har tidlegare vore studentprest i Laget i ca 20 år, 10 av desse i Portugal, og seinare informasjonskonsulent i Åpne Dører. Han har vore aktiv i ekteskaps- og samlivsdebatten i samfunn og kyrkje gjennom mange år, blant anna som delegat på Kyrkjemøtet i sju år.
Velkomen til ein spennande kveld der det også vert høve til spørsmål og samtale.
God sommar!!
Sommaren er her ? og frå og med 1. juli til og med 12. august vert det kveldsmøte i kvar sundag kl 19.30.
Det vert lovsang, andakt og delestund.
Velkomen i Nain!