Ein smak av Hjertefokus

Laurdag 29. oktober arrangerer vi ein undervisningsdag om Hjertefokus,

Smak hjertefokus

eit opplegg som handlar om å ta Gud med inn i vår livshistorie og la Han få kasta sitt ljos over det som har vore med å forma oss. Slik kan vi la Guds sanningar verta våre sanningar.

Eilif Haaland, spesialist i allmennmedisin, har saman med kona Marit B. Haaland, sjuekepleiar, vore foredragshaldarar på kursa i ei årrekkje.Gjennom deira djuptgripande bibelsk-psykologiske undervisning har mange menneske fått oppleva å koma inn i ei djupare forståing av Gud, seg sjølv og sine medmenneske. Denne laurdagen er det Eilif som underviser.

Marit-og-Eilif_web

Dagen vil innehalda 6 undervisningstimar og det vil bli servert lunsj, kaffi, te og frukt undervegs.

Tidsramme 09.30-17.30.         Pris kr. 100,-. 

Påmelding innan 26. okt til:  post@vossindremisjon.no – Eller sms: 95242719

BIBEL-MARATON i NAIN!

hjerte-bibelen-620Bibelen er den mest selde og mest leste boka i verda. Denne eldgamle boka er framleis aktuell, forandrar liv og gjev håp til menneske over heile verda.  Komande veke vil heile Bibelen verta lest høgt i Nain!

Det heile startar etter møtet sundag føremiddag kl 13.00-21.00. Deretter vert det frå måndag til laurdag lest kvar dag frå klokka 09.00 om morgonen til klokka 21.00 om kvelden. Då er Nain open, og det er høve til å koma innom, setja seg ned, finna roen, ta ein kopp kaffi og høyra Bibelen lest høgt. Velkomen til eit unikt møte med bøkenes bok!