Laurdag 16. desember er det all grunn til å leggja turen innom Nain! Frå kl 13.00-14.30 serverer me graut – og den er gratis! Kom innom og nyt god risgraut saman med andre. Så vert det også høve til å ta seg ein kopp kaffi eller te med noko attåt.
Spennande samling med Runar Landro
Me har no gjennomført ei forsamlings-undersøking i regi av Naturlig menighetsutvikling (NaMu) I etterkant har me fått ein profil som gjev eit bilete av forsamlinga – kva me er gode på og kva me bør arbeida meir med. Til å hjelpa oss på vegen vidare, har me fått med oss Runar Landro. Han er hovudpastor i Fredheim Arena, Sandnes og vegleiar i NaMu.
Onsdag 25. oktober kl 19.30 vil Runar gå gjennom profilen saman med oss, og sjå kva dette har å seie for vegen vidare. Velkomen til å vera med på ei inspirerande og spennande samling i Nain denne kvelden!