PÅSKE!

Det som kunne sjå ut som det store nederlaget då Jesus hang på krossen, viste seg å vera den store sigeren! Der avvepna Jesus djevelen og døden ved at han gjorde opp med all synd og vondskap i verda! At det han gjorde er godt nok, viste han då han stod opp påskedag! Difor kan me jubla ut:

Døden er slukt og sigeren vunnen. Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger? Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova. Men Gud vere takk som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus! 1Kor 15:54-57

Han har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde, den som er gjeven oss i Kristus Jesus frå evige tider,  og som no har vorte openberra då vår frelsar Kristus Jesus kom til jord. Han har gjort ende på døden og ført udødeleg liv fram i lyset ved evangeliet. 2Tim 1:9-10

GOD PÅSKE!

Samlingane vidare i Nain denne påska:

Palmesundag: Storsamling – Påsken i ord og tonar kl 17.00.

Skjærtorsdag: Nattverdsmøte kl. 19.30

Langfredag: Langfredagsmeditasjon kl. 19.30

1. påskedag: Heile storfamilein feirar Jesu siger kl 11.00

Velkomen!

Salomokonkurranse

Salomo2014Me er med i  Salomokonkurransen!

Kva er det: Salomokonkurransen er ein landsomfattande  bibelkonkurranse arrangert av ImF-UNG. Laga ( 3 born på kvart lag,  frå 5.-7. eller 7.-10. klasse ) får tildelt ein bibeltekst. Dei tre innleiande rundane vert arrangeret lokalt. Finalen, som er for dei tre beste laga i kvar aldersgruppe ) vert arrangert av ImF –UNG. Sjølve bibelspørsmåla tar 30 min. Det er spørsmål frå teksten dei har fått tildelt, og spørsmål frå heile bibelen.

Aktuellt;Me har eit lag ( 5.-7. kl. ) Dei to første rundane er gjennomført. Starta med Pizza, brus og lagleikar for å ha det gøy og arbeide opp lagfølelsen. Så var det klart for spørsmåla. Me leiarar er heldig som kan sitje å høyre på diskusjon og resonnement. Dei er dyktige! Me hadde med oss ein dyktig meddommar som tok tida, rekna saman poeng, og såg til at alt gjekk rett for seg. Spanande å sjå om dei kjem til finalen!

Neste og siste runde vert fredag 27. februar. Me gler oss allereie!

 

FREDAGSKLUBB I NAIN!


Fyrstkomande fredag startar me opp «Fredagsklubb i Nain» for born frå 3 til og med 7 klasse. Dette er ein møteplass der borna kan samlast til sosialt samvær saman med vener og vaksne leiarar. Her vert det varierte aktivitetar, ulike spel og hobbykrok. I løpet av kvelden vert det andakt og mat. Ta med deg vener og kom!

Fredagsklubben vert i fyrste omgang ein gong i månaden framover.