Det som kunne sjå ut som det store nederlaget då Jesus hang på krossen, viste seg å vera den store sigeren! Der avvepna Jesus djevelen og døden ved at han gjorde opp med all synd og vondskap i verda! At det han gjorde er godt nok, viste han då han stod opp påskedag! Difor kan me jubla ut:
Døden er slukt og sigeren vunnen. Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger? Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova. Men Gud vere takk som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus! 1Kor 15:54-57
Han har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde, den som er gjeven oss i Kristus Jesus frå evige tider, og som no har vorte openberra då vår frelsar Kristus Jesus kom til jord. Han har gjort ende på døden og ført udødeleg liv fram i lyset ved evangeliet. 2Tim 1:9-10
GOD PÅSKE!
Samlingane vidare i Nain denne påska:
Skjærtorsdag: Nattverdsmøte kl. 19.30
Langfredag: Langfredagsmeditasjon kl. 19.30
1. påskedag: Me feirar Jesu siger kl 19.30
Velkomen!
Det har vore årsmøte i Voss Indremisjon, og nytt styre er valt. Den nye leiaren heiter no Gjert Gravdal. Dei andre som sit saman med han i styret er Leiv Helge Hope, Øyvind Håheim, Hans Tonckens og Knut Johan Ullestad.
ALPHA – kva er det for noko? Det er jo den første bokstaven i det greske alfabetet, og kan vera ein start. Alle som leitar – for alle som vil vita meir om den kristne trua, eller som leitar etter eit kristent fellesskap. Læring og latter – det går an å ha det moro samstundes med at ein lærer noko om den kristne trua. Pizza og pasta (eller noko anna godt) – kurskveldane startar med eit måltid. Også eit godt høve til å verta kjend med kvarandre og få nye vener. Hjelpa kvarandre - i smågrupper kan ein hjelpa kvarandre til å finna svar på spørsmål. Alt du vil vita – ingen spørsmål er for store eller for små, for vanskelege eller for dumme. På Alphakurset vil ein verta teken på alvor med alle spørsmål, idéar og tankar.
Kva tema som vert teke opp i eit Alpha-kurs finn du her…… Og Alpha Norge si nettside finn du her……
Alpha kurset er eit høve til å utforska den kristne trua i eit ope og avslappande miljø. Ein startar kl. 19.00 og sluttar kl. 21.45. I dette tidsrommet er det kveldsmat, undervisning i kveldens tema, og samling i faste samtalegrupper. Kurset går over ti kveldar og ei helgesamling. Oppstart for kurset vert onsdag 1. februar. Det kostar ca kr 100,- i kursmateriell.
Kontakt, påmelding: Har du spørsmål, eller ynskjer du å melda deg på, kan du ta kontakt: epost: post@vossindremisjon.no
sms/mobil: 95242719 (Knut Kvamme)
Frist for påmeling tysdag 31. jan.
Klikk på biletet for å sjå full størrelse:

No skriv me 2012 – eit nytt år ligg framfor oss. Framtida er ukjend for oss, men det er trygt å få leggja framtida og livet i hendene på han som har all makt i himmel og på jord, Jesus! Han kallar oss til å fyjgja seg – han som er den gode gjetaren. Jesus seier: Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. Joh 10:11. For den som vil vera i fylgje med han seier Jesus: Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei følgjer meg. Og eg gjev dei evig liv; dei skal ikkje i all æve gå tapt, og ingen skal riva dei ut av mi hand. Det Far min har gjeve meg, er større enn alt anna, og ingen kan riva det ut av handa til Far min. Joh 10:27-29 Fantastisk å ta med seg inn i eit nytt år!
Velkomen til familiefest i jola
- 5. joledag kl 17.00!
Kåre Johan Hamre vert med oss og held andakt. Det vert song og musikk, leikar og gang rundt joletreet. Ta med litt jolebakst om du har, så deler me med kvarandre.
Laurdag 17. desember kl 13.00 – 14.30, vert det servert graut i Nain. Då er det høve til å eta ”jolegraut” saman med andre – heilt gratis! Er du heldig, finn du mandel i grauten, og då vankar det premie! Etterpå kan du også få seg ein kopp kaffi om du ynskjer det
Me er no i adventstida, og jola nærmar seg med stormskritt. Laurdag 17. desember kl 15.00 er det råd å koma i jolestemning ved å syngja seg saman i dei fine jolesongane. Her vil også ulike songkrefter ta del. Velkomen til førjols-samling i Nain – for liten og stor!
Det var mange som var til stades under konserten i Nain palmesundag 2011 – då det var Bjerkrheim-jazz. Det vart gjort opptak av den konserten, og no er det kome ut på CD. Kjempeflott! CD-en er råd å få tak i fleire stader på Voss – blant anna hjå Jorunn Våle Tonckens (jorunn(a)tonckens.no) – ho har eit bra lager….