Sommaren er her enno

Denne sommaren har me som vanleg hatt kveldsmøte kvar sundag. Det har vore gode samlingar!

No må me erkjenna at det vert tidlegare mørkt om kveldane – august er her. Likevel – me gler oss over at sommaren ikkje har sleppt taket! 21. august er det semesterstart i Nain, og me markerer oppstarten av nytt semester med samlingsfest kl 17.00. Velkomen!

Disipler – generalforsamlinga til Imf på Bildøy

Det var godt å vera på Bibelskolen på Bildøy 28. -31. juli. Tema for GF var disipler. Sterke og gode samlingar – og ein fekk erfara ei berøring av Gud desse dagane. Godt også å kjenna fellesskapet! Broder Yun frå Kina – som og vert kalla den himmelske mann – var gjestetalar laurdag. Han vitna om livet sitt og la inn over forsamlinga: Jesus elskar deg! Han tala også utfordrande om at Jesu kjærleik kallar til å fylgja etter Han – om å vera ein Jesu etterfylgjar, disippel.

Du kan lesa meir om GF i Sambåndet her

Det vart ein svært flott opptakt til påska med Bjerkrheim-jazz palmesundag! Ei stor oppleving både når det gjeld det musikalske og det som vart formidla gjennom tekstane! Fint å sjå ein fullsett Nain på begge konsertane.

Så står påskehelga for døra, og det vert nattverdsmøte skjærtorsdag kl. 19.30, langfredagsmeditasjon kl. 19.30 og 1. påskedags-møte kl 19.30. Velkomen til desse møtepunkta i påska!