GRATIS førjols-graut i Nain

graut2Laurdag 14. desember er det all grunn til å leggja turen innom Nain! Frå kl 13.00-14.30 serverer me graut – og den er gratis! Kom innom og nyt god risgraut saman med andre. Så vert det også høve til å ta seg ein kopp kaffi eller te med noko attåt.

Haustkonferanse på Helgatun

Program HaustkonferanseDet nærmar seg haustkonferanse på Helgatun – 1. -3. november. Konferansen i fjor var flott, og me har store forventningar til konferansen også denne hausten! Trond Johansen – som er kretsleiar/rådgjevar i Sogn Indremisjon – vert med oss og har hovudtemaet på konferansen. Han seier: Eg vil ikkje at folk skal reisa heim etterpå og kjenna på alt dei ikkje får til, og alt dei skulle ha gjort. Eg ynskjer at dei skal få sjå mogelegheitene.   «- Alt er ikke gærn’t. Mye skjer hos hver enkelt av oss. Vår Herre legger til rette for ennå mer. Mye er veldig bra, om vi bare slår oss sammen og klapper hverandre mer på ryggen.»

Meir informasjon og program for helga, finn du her:  Program Haustkonferanse 2013

Påmelding til IMS-kontoret tlf 53410704 eller post@indremisjonen.no

Velkomen til flotte dagar på Helgatun!