Laurdag 29. oktober arrangerer vi ein undervisningsdag om Hjertefokus,
eit opplegg som handlar om å ta Gud med inn i vår livshistorie og la Han få kasta sitt ljos over det som har vore med å forma oss. Slik kan vi la Guds sanningar verta våre sanningar.
Eilif Haaland, spesialist i allmennmedisin, har saman med kona Marit B. Haaland, sjuekepleiar, vore foredragshaldarar på kursa i ei årrekkje.Gjennom deira djuptgripande bibelsk-psykologiske undervisning har mange menneske fått oppleva å koma inn i ei djupare forståing av Gud, seg sjølv og sine medmenneske. Denne laurdagen er det Eilif som underviser.
Dagen vil innehalda 6 undervisningstimar og det vil bli servert lunsj, kaffi, te og frukt undervegs.
Tidsramme 09.30-17.30. Pris kr. 100,-.
Påmelding innan 26. okt til: post@vossindremisjon.no – Eller sms: 95242719