Laurdag 16. desember er det all grunn til å leggja turen innom Nain! Frå kl 13.00-14.30 serverer me graut – og den er gratis! Kom innom og nyt god risgraut saman med andre. Så vert det også høve til å ta seg ein kopp kaffi eller te med noko attåt.
Storsamling med middag i Nain
På søndag 29.10.17 blir det Storsamling i Nain kl.11.00.
Temaet er «Hjå Jesus er det plass for alle». Det blir andakt ved Berit Våle, mykje sang og musikk, og bønevandring som er tilrettelagt for store og små.
Etter møtet blir det servert middag.
Velkommen alle saman, store og små
Spennande samling med Runar Landro
Me har no gjennomført ei forsamlings-undersøking i regi av Naturlig menighetsutvikling (NaMu) I etterkant har me fått ein profil som gjev eit bilete av forsamlinga – kva me er gode på og kva me bør arbeida meir med. Til å hjelpa oss på vegen vidare, har me fått med oss Runar Landro. Han er hovudpastor i Fredheim Arena, Sandnes og vegleiar i NaMu.
Onsdag 25. oktober kl 19.30 vil Runar gå gjennom profilen saman med oss, og sjå kva dette har å seie for vegen vidare. Velkomen til å vera med på ei inspirerande og spennande samling i Nain denne kvelden!