Påske i Nain

 

 

 

 


Palmesundag:
kl 11.00 Påsken i ord og tonar for liten og stor

Skjærtorsdag: kl. 19.30 Nattverdsmøte

Langfredag: kl 19.30 Langfredagsmeditasjon

1. påskedag: kl 11.00 Heile storfamilien feirar Jesu siger!

Velsigna påskehøgtid! – og velkomen til samlingane!

Han som var utan synd og skuld,
han som var fullkomen god,
Guds eigen son sa nei til jordisk gods og gull,
men ein krans han tok imot
slik at sveitten rann som blod.
Han gav sitt eige liv for oss
slik at den som vil, kan bli
fullkomen fri. For Jesus døydde på eit kors,
og han gav oss framtidshåp
då han frå si grav sto opp.
Og dette gjorde Jesus i din stad,
Så du for evig skal få vere  glad.
Sjå på han, sjå din redningsmann,
sjå det han har gjort for deg,
då han opna himmelveg!
Kom til han, kom og ver hjå han.
Han gir deg kraft, ja, død blir til liv hjå han!
T:Arild Berstad

Bøn og lovsang i Nain

Me ynskjer no å utvida bønesamlingane på onsdagskveldane med meir rom for lovsang. Første onsdag i kvar månad samlast me til bøn og lovsong kl 19.30. Første samling vert onsdag 7. mars kl 19.30

Det vert veksling mellom ein avdeling med lovsang og ein avdeling med bøn. Her er det rom for å dela konkrete ting ein ynskjer forbøn for.

Velkomen til bøn og lovsang i ei uformell ramme!