40 dagar med mål og meining!

I denne tida når me ikkje får samlast som me ynskjer, vert det ei utfordring for fellesskapet vårt. Likevel kan dette vera ei tid der me kan veksa og verta utrusta i vår relasjon til Gud og fellesskapet. Ein måte å halda saman på, er å gjera noko felles. Slik at me også har noko felles å dela med kvarandre når me møtest.

Me startar opp med «40 dagar med mål og meining» torsdag 18. februar.

Dette går ut på at ein brukar Rick Warren si bok Målrettet Liv som andaktsbok – les eitt kapittel om dagen. Det vil verta lagt ut introvideo på nettsida/ YouTube/Facebook kvar veke med tema frå boka. Så kan ein også bruka samtale-opplegget bak i boka i smågruppene. Ein kan også bli einge med nokon å samtale med.
Er du ikkje med i smågruppe, og ynskjer å bli med, ta kontakt.  Me vil også leggja til rette for gruppe-samtale på Meet om det er ynskjeleg.

Dette har me veldig god erfaring med tidlegare!

Håpar at alle vil vera med på dette til velsigning i eige liv og for fellesskapet!

Om du ikkje har boka, ligg det bøker i Nain – finn deg ei og vipps kr 199,-  til 123002
Det er folk i Nain på dagtid – eller ta kontakt: Knut 95242719

Godt nytt år!

Oppstarten av året vart ikkje som me håpa på. Er eit sakn å ikkje kunna samlast som me ynskjer! Planar for nyåret vert stadig justert….

40 dagar med mål og meining – har ikkje kome i gang enno, men me startar opp så snart det vert anledning til det…. så det vil koma meir info så snart me har meir oversikt 🙂