Laurdag 3. sept kl 10.00 – 16.00 vert kurs med tittelen: Å vera leiar – tillit, makt og ansvar. – Førebygging av seksuelle krenkingar. Det er utarbeidd av Tormod Kleiven og Else Karin Bjerva ved Diakonova i Oslo – i samarbeid med Normisjon.
Målet med dette kurset er å skapa bevisstheit rundt:
- korleis me opptrer overfor kvarandre for å bygga trygge og gode relasjonar.
- eit sunt syn på seksualitet.
Dette for å førebygga at overgrep skjer, men at ein også skal få hjelp til vera i stand til å avdekka overgrep der det skjer.
Dette er eit svært lærerikt kurs som berører både interessante og krevande tema. Det vil vera til hjelp i eige liv og i møte møte med andre menneske i ulike situasjonar. Kursdagen er delt inn slik:
- Tillit og makt
- Ein viser filmen ”Det skjer ikke hos oss”
- Seksualitet og krenkingar
- Avdekka og førebygga
Kursleiar denne dagen er Knut Kvamme. Dagen startar kl 10.00 og vert avslutta kl 16.00. Ta med niste, og det vert servert drikke. Kurset kostar kr 100,- (studentar halv pris) Påmelding og spørsmål til post(a)vossindremisjon.no eller sms/tlf 95242719.
Sjølv om kurset har fokus på det å ha ein eller annan leiarfunksjon, vil vil me anbefala kurset til alle!
Du kan lasta ned brosjyre her: Førebygging av seksuelle krenkingar