Framleis god sommar!

Når me ser tilbake på første halvdelen av dette året, vert me fylt av takksemd og glede! Mykje flott har skjedd i forsamlinga – stort å få vera med på at menneske opnar seg og slepper Jesus til i livet og får ta i mot frelsa Han har å gje. Noko som gjev sikkert fundament og håp for livet.

pinse
Ein del av forsamlinga ved dåpen 1. pinsedag.

Å la Jesus vera herre i livet fører til vekst, og frukta av det er menneske som bryr seg om  og hjelper kvarandre. På den måten veks fellesskapet.

Spennande å sjå framover, og me har forventning til Gud! Han ynskjer å velsigna og inviterer oss til å vera med på det han gjer . Difor er det vår bøn at me som enkeltmenneske og fellesskap får vera i Guds leiing til velsigning for bygda vår, og at det får ringvirkningar vidare utover!