Så er det tur att i Ten in! Fredag 21. okt dreg me av garde. Denne gongen skal me ut og oppleva haust-mørkret. Dette vert ei kjempeoppleving, så det er berre å henga seg på – du finn meir info her…..
Haustkonferanse på Helgatun
Helga 28. – 30. oktober er det haustkonferanse på Helgatun. Det vert dagar med fellesskap og inspirasjon. Rektor på Bibelskolen Bildøy, Roald Kvam, har temasamlingane: – Korleis byggjer Den Heilage Ande det kristne fellesskapet?
Elles vert det variert program – du kan sjå heile programmet her…..
Det vil også verta eige program for borna under samlingane, så det er berre å ta med heile familien!
No er det tid for å melda seg på, og det kan du gjera her….. Du kan også melda deg på ved å bruka telefonen: 53410704 eller epost post@indremisjonen.no
Velkomen til flotte dagar på Helgatun!
Ten in skal på tur!
Ten in skal på sykkeltur laurdag 24. september. Dette er ein tur me anbefalar på det varmaste – flotte opplevingar heile vegen! Ikkje vert det for tungt heller, det er for det meste nedoverbakkar 🙂 – du finn meir info her……