Palmesundag: kl 11.00 Påsken i ord og tonar for liten og stor
Skjærtorsdag: kl. 19.30 Nattverdsmøte
Langfredag: kl 19.30 Langfredagsmeditasjon
1. påskedag: kl 11.00 Heile storfamilien feirar Jesu siger!
Velsigna påskehøgtid! – og velkomen til samlingane!
Han som var utan synd og skuld,
han som var fullkomen god,
Guds eigen son sa nei til jordisk gods og gull,
men ein krans han tok imot
slik at sveitten rann som blod.
Han gav sitt eige liv for oss
slik at den som vil, kan bli
fullkomen fri. For Jesus døydde på eit kors,
og han gav oss framtidshåp
då han frå si grav sto opp.
Og dette gjorde Jesus i din stad,
Så du for evig skal få vere glad.
Sjå på han, sjå din redningsmann,
sjå det han har gjort for deg,
då han opna himmelveg!
Kom til han, kom og ver hjå han.
Han gir deg kraft, ja, død blir til liv hjå han!
T:Arild Berstad