Barnekyrkja

Barnekyrkja har gruppene Cubbies (2-5 år) og Sparks (6-9 år) annankvar søndag. 

Barnekyrkjeprogram for våren 2024:

14. januar, 28. januar, 11. februar, 25. februar, 10. mars, 7. april, 21. april, 5. mai, 19. mai, 2. juni, 16. juni. Utanom desse datoene har me anten film for barna, eller generasjonsgudstjeneste for alle. 

Følg med på Facebook eller avisa Hordaland for informasjon.

Velkommen!

Barnekyrkja brukar trusformidlingsverktøyet Awana. Awana er eit opplegg som fylgjer barna frå 2-18 år, og er eit solid verktøy for å hjelpe foreldre og foresatte i å disippelgjere barna. Awana ynskjer å vere ein ressurs for familiane, som hjelper dei til å få ei levande tru som bærer gjennom livet.

– link til informasjonsbrosjyre:

https://www.awana.no/wp-content/uploads/2021/03/Awana-infobrosjyre.pdf