Eit kristent fellesskap på Voss som ynskjer å fylgja Jesus og gjera han kjend.
Forfatter: KK
Publisert
Det vart ein svært flott opptakt til påska med Bjerkrheim-jazz palmesundag! Ei stor oppleving både når det gjeld det musikalske og det som vart formidla gjennom tekstane! Fint å sjå ein fullsett Nain på begge konsertane.
Så står påskehelga for døra, og det vert nattverdsmøte skjærtorsdag kl. 19.30, langfredagsmeditasjon kl. 19.30 og 1. påskedags-møte kl 19.30. Velkomen til desse møtepunkta i påska!
Palmesundag kan du få oppleva tekstar av Trygve Bjerkrheim på ein ny og spennande måte! Komponist, musikar og kantor i Vaksdal, Olav Arne Steinkopf, har tonesett og arrangert utvalde tekstar av Bjerkrheim i ”jazz-stil” for kor, solistar og band.
Koret i Nain, Korall, er med i eit felleskor saman med Voss og omland kantori, Kilden frå Vakdal og eit samansett kor frå Samnanger under leiing av Tone Synnøve Øygard Steinkopf. Det vert med eit svært dyktig band med Frøydis Grorud i spissen (m.a. kjend frå «Beat for beat»). Så her ligg det til rette for ei stor musikalsk oppleving med sterke tekstar!
Det vert to konsertar – kl. 13.00 og 15.00. Dei er ein ein del av programmet til Vossajazz – for meir informasjon og bestilling av billettar, gå til sida til Vossjazz her…
Indremisjonsforbundet hadd forsamlingskonferanse på Bildøy Bibelskole den 25. og 26. mars. Voss Indremisjon er med i forsamlingsnettverket i Imf, og dei som var med frå Voss fekk vera med på inspirerande dagar!
Det vart blant anna sett fokus på kor viktig heimen er når det gjeld trusformidling. Rektor på Bibelskolen Bildøy, Roald Kvam, underviste om Gårsdagens plan for morgendagens foreldre – trusformidling i heimen belyst ut frå 5.Mosebok kap 6. Om du ikkje var til stades, kan du likevel få med deg dette. Høyr og sjå her….. Du kan lasta ned denne undervisninga i hefte-form her……
Biletet til venstre er henta frå Faith Begins At Home si side – som også er verd eit besøk….