Samlivskurs – 7 kveldar om å vera 2

Kva er samlivskurset 7 kveldar om å vera 2?

  • Service på samlivet for par som har det bra
  • Eit godt bidrag for å koma vidare for par som slit i forholdet sitt

Kurset vert halde over 7 kveldar med ulike tema som gjeld parforholdet.

  • Å byggja eit sterkt fundament
  • Kunsten med kommunikasjon
  • Konflikthåndtering
  • Kva tilgjeving har å seia
  • Forholdet til foreldre og svigerforeldre
  • Eit godt sexliv
  • Kjærleiken i praksis

Startar opp i Nain onsdag 3. oktober kl 19.00-21.30

Meir om kurset finn du her…..

Høyr erfaringar frå folk som har vore med på kurset her……

Du kan også sjå på samlivskurset.no


Velkomen til nytt semester!

Sjølv om det har vore møte i Nain kvar sundag i sommar, ynskjer me å markera starten av eit nytt semester etter sommaren. Det skjer sundag 26. august kl 17.00! Då er det samlingsfest for heile familien. Me ynskjer å samla heile storfamilien i Nain, og håpar på ein god start på haustsemesteret.

Seminar

Roald Kvam vert med på seminaret

Det er planlagd seminar med rektor på Bibelskolen Bildøy, Roald Kvam. Det vert laurdag 1. sept kl 11.00-16.00. Tema for seminaret er Den Heilage Ande og nådegåvene. Pris vert kr 100,- for mat og kursmateriell. Velkomen til ein spennande dag i Nain!

Familieleir på Helgatun 6. – 10. juli

GLED DEG !!! Endeleg kan ”draumen” gå i oppfylling! Tenk å få reisa på familieleir med bibelsamlingar, møte, mat, leikar, humor, alvor, musikk, song og masse aktivitetar tilrettelagt for heile familien. Me har eit strålande tilbod på Brandøy og Helgatun 6.-10.juli.

Påmeldingane er alt komen igong og me gler oss. Spreke og oppfinnsame leiarar står klare til å leggja alt til rette på beste måte for alle som kjem. Borna og ungdommane vert delt inn i ulike klassar slik at samlingane og aktivitetane skal passa for den enkelte. Dei vaksne skal også få dekkja sitt behov med tanke på undervisning og opplegg. Og sjølvsagt vil me ha fellessamlingar for alle. For mange betyr det mykje at me har ”barnevakter” i gongane på kveldane slik at dei vaksne kan vera på si samling og veta at borna har det tryggt der dei er.

Leiarar på Brandøy vert:

Olaug og Jan Ove Fagerheim, Ingebjørg og John Morten Espevik, Rakel og Bjørn Saghaug, Kristin og Tor Espen Kristiansen, Kåre Johan Hamre. I tilegg vert også ein ungdomsgjeng  med.

Leiarar på Helgatun  vert:

Linda og Bjarte Nordtun, Torill og Alf Jarle Langeland, Åstrid og Svein Bjarne Aase, Gunhild og John Inge Rolfsnes.   I tilegg vert ein ungdomsgjeng med.

Me gler oss til å møta dykk. Påmelding kan gjerast til Indremisjonskontoret tlf.53410704, post@indremisjonen.no eller www.indremisjonen.no

Her kan du sjå plakaten for leirane!  Familieleir plakat 2012