Voss Indremisjon 150 år!

Hausten 1865 vart Voss Indremisjonforening skipa. Det er no 150 år sidan – og me vil markera dette sundag 6. september kl 17.00 i Nain!

Me gled oss over at Voss Indrmisjon også i 2015 er eit oppegåande og levande fellesskap som ynskjer å vera ein kanal for Guds kjærleik i bygda vår og vidare utover! Under jubileumsmarkeringa ynskjer me å æra dei som har gått før oss og lagt grunnlaget for det me no står i, gle oss over der me er i dag, og sjå framover med ynskje om å fullføra det kallet Gud har gjeve oss!

Frå Indremisjonssamskipnaden kjem dagleg leiar Marit Hårklau Ådnanes og vert med oss – i tillegg vert det variert program, historisk riss og servering. Velkomen!!