Samlivskurs

 

Kva er samlivskurset 7 kveldar om å vera 2?

  • Service på samlivet for par som har det bra
  • Eit godt bidrag for å koma vidare for par som slit i forholdet sitt

Kurset vert halde over 7 kveldar med ulike tema som gjeld parforholdet.

Tema som vert teke opp fins i ”Ekteskapsboka”:

  • Å byggja eit sterkt fundament
  • Kunsten med kommunikasjon
  • Konflikthåndtering
  • Kva tilgjeving har å seia
  • Forholdet til foreldre og svigerforeldre
  • Eit godt sexliv
  • Kjærleiken i praksis

bord

Mellom kurskveldane vert det mogeleg for deltakarane til å gjera nokre heimeoppgåver. Desse oppgåvene vil styrkja den gode prosessen som kurset set i gang i deltakarane.

Kurskveldane er bygd opp som ein heilskap som består av

  • eit godt måltid mat servert ved fint dekte bord,
  • livsnære forelesningar
  • oppgåver som para arbeider med saman og kvar for seg.
  • undervisninga følgjer ein disposisjon som deltakarane kan følgja i kursheftet sitt, og oppgåvene det vert arbeidd med undervegs, er også der.

Det vert ikkje stilt sosiale krav til deltakarane.

Kurset inkluderer ingen gruppesamtalar.

Det vert lagt vekt på at omgjevnadane er koselege, vertskapet hyggeleg og at maten er god.

Kurskveldane skal være ”verd å ha barnevakt for”.

Kurset passar for alle slags par –  både for ”forsamlinga sin medlemskjerne” og for dei som definerer seg sjølve som fjernare i forhold til kyrkja sin bodskap. For dei som har vore gift i mange år, og for par som er relativt nyetablerte.

Undervisninga er praktisk. Deltakarane får ”verkty” for å byggja eit livslangt samliv. Kurset byggjer på kristne verdiar – men ein trenge ingen kunnskap om kristen tru eller engasjement i nokon forsamling for å ha fullt utbytte av kurset.

  • Ein kurskveld varer frå kl 19.00-21.30
  • Me held til i Nain
  • Til vanleg to veker mellom kvar kurskveld
  • Pris pr par kr 1800,-  dette inkluderer kursmateriell og mat.

Hovudleiarar for kurset er Inger Alice og Knut Kvamme.

Spørsmål og påmelding til post@vossindremisjon.no

eller tlf/sms 48135236 (Inger Alice) 95242719 (Knut)