Me gled oss over…..


Haustkonferansen på Helgatun vart ei fantastisk helg! Mange uttrykte glede over det dei fekk vera med på denne helga. Me fekk oppleva Guds nærver, og mange vart berørte av Han – til inspirasjon, og nytt mot og eit fornya kall til å gå vidare saman med Jesus!

Samlivs-kurset er i gang med ei flott samling av par. Dette er eit nytt og spennande kurs i vår samanheng, og me gled oss over gode tilbakemeldingar frå deltakarane!


Alpha-kurset for asylsøkjarar er også godt i gang også denne hausten! Dette er ei stadig veksande gruppe i forsamlinga vår, og me gled oss over det flotte som skjer blant desse. Stort å sjå kva Gud gjer!

Velkomen til haustkonferanse på Helgatun!

Helga 2. -4. november vert det spennande dagar på Helgatun – Til fellesskap og inspirasjon!

Me er så heldige å ha fått med oss Øivind Augland denne helga. Han er pastor og leiar for DAWN Norge og xpand Norge, og er ein ressursperson som vert brukt i mange samanhengar. Tema han skal ta fram er: Guds drøm for forsamlingen – Fra visjon til virkelighet – Et erobrende folk.

Lovsongsleiar John Inge Rolfsnes vert også med for å leia for å vera med å leia songen. I tillegg er det med fleire lokale leiarar.

Det vil vera lagt til rette for barnefamiliar ved at det er opplegg for borna under samlingane.

Set av denne helga og vert med – det vil du ikkje angra på!

Programmet for helga finn du her……

Haustkonferanseplakat finn du her

Samlivskurs – 7 kveldar om å vera 2

Kva er samlivskurset 7 kveldar om å vera 2?

  • Service på samlivet for par som har det bra
  • Eit godt bidrag for å koma vidare for par som slit i forholdet sitt

Kurset vert halde over 7 kveldar med ulike tema som gjeld parforholdet.

  • Å byggja eit sterkt fundament
  • Kunsten med kommunikasjon
  • Konflikthåndtering
  • Kva tilgjeving har å seia
  • Forholdet til foreldre og svigerforeldre
  • Eit godt sexliv
  • Kjærleiken i praksis

Startar opp i Nain onsdag 3. oktober kl 19.00-21.30

Meir om kurset finn du her…..

Høyr erfaringar frå folk som har vore med på kurset her……

Du kan også sjå på samlivskurset.no