GODT NYTT ÅR!

Me er takksame for det me fekk i året som gjekk, og me ser med forventning framover – inn i eit nytt og ukjent år for oss enno. Det kan me gjera fordi Jesu ord frå misjonsbefalinga gjeld enno: Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står. Mt 28:20. Difor kan me ha frimod og håp i fylgje med Jesus!

Me syng jola inn!

Me er no i adventstida, og jola nærmar seg med stormskritt. Laurdag 15. desember kl 15.30 er det råd å koma i jolestemning ved å syngja seg saman i dei fine jolesongane.Velkomen til førjols-samling i Nain – for liten og stor!

Gratis graut i adventstida!

Me tek opp att suksessen frå i fjor! Så laurdag 15. desember frå kl 13.00 – ca 14.30, vert det servert graut i Nain. Då er det høve til å eta ”jolegraut” saman med andre – heilt gratis! Er du heldig, finn du mandel i grauten,  og då vankar det premie! Etterpå kan du også få seg ein kopp kaffi om du ynskjer det 🙂