Bibelinspirasjon – «Veksa saman»

Laurdag 9. februar kl 11.00-16.00 vert det kursdag i Nain. Jorunn Singstad Djupvik frå Bibelleseringen kjem til Voss for å undervisa om korleis trus-formidling kan skje på ein god måte i heimen og i forsamlinga – slik at me kan ”veksa saman”. Tru på heimebane – kvifor er det viktig, kva er det som gjer at det kan vera vanskeleg? Utfordringar i kvardagen, frimod og utrustning. Kreativ bibelformidling til bruk i barne- og ungdomsarbeidet. Dette er tema ein vil ta opp, og ein vil få forslag til metodar, idéar og aktivitetar. Dette vil vera ein spennande og nyttig dag både med tanke på heimebanen og i forsamlinga!

Ta med niste, så ordnar me med drikke. Ikkje fast kursavgift, men høve til å gje kollekt.

Velkomen!!

ALPHA-kurs våren 2013

Bli kjend med den kristne trua.

ALPHA – kva er det for noko? Det er jo den første bokstaven i det greske alfabetet, og kan vera ein start. Alle som leitar – for alle som vil vita meir om den kristne trua, eller som leitar etter eit kristent fellesskap. Læring og latter – det går an å ha det moro samstundes med at ein lærer noko om den kristne trua. Pizza og pasta (eller noko anna godt) – kurskveldane startar med eit måltid. Også eit godt høve til å verta kjend med kvarandre og få nye vener. Hjelpa kvarandre –  i smågrupper kan ein hjelpa kvarandre til å finna svar på spørsmål. Alt du vil vita – ingen spørsmål er for store eller for små, for vanskelege eller for dumme. På Alphakurset vil ein verta teken på alvor med alle spørsmål, idéar og tankar.

Kva tema som vert teke opp i eit Alpha-kurs finn du her…… Og Alpha Norge si nettside finn du her……

Alpha kurset er eit høve til å utforska den kristne trua i eit ope og avslappande miljø. Ein startar kl. 19.00 og sluttar kl. 21.45. I dette tidsrommet er det kveldsmat, undervisning i kveldens tema, og samling i faste samtalegrupper.  Kurset går over ti kveldar og ei helgesamling. Oppstart for kurset vert onsdag 30. januar. Det kostar kr 100,- i kursmateriell, i tillegg vil maten kosta litt.

Kontakt, påmelding: Har du spørsmål, eller ynskjer du å melda deg på, kan du ta kontakt: epost: post@vossindremisjon.no

sms/mobil: 95242719 (Knut Kvamme)

Frist for påmeling måndag 28. jan.

Flyer for Alhakurset finn du her: Alpha-kurs 2013