Fastetid

Me er no i fastetida. Dette kan vera ei flott tid der ein gjerne gjev avkall på noko i livet for å gje Gud større plass i livet. Han ynskjer å velsigna oss og berika liva våre!

Om du lurar på korleis du kan gjera dette reint praktisk, kan du klikka deg inn på Bibelsk faste -hvem, hva og hvordan?

Lukke til og god fastetid!

GODT NYTT ÅR!

Ynskjer alle eit godt nytt år!

Ser med glede og spenning framover på året som ligg framfor oss. Trass mykje uro i verda, er det godt å ha ankerfeste hjå han som har all makt i himmel og på jord, Jesus – Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid! Hebr 13:8

Me «syng jola inn»!

julEtter grautserveringa laurdag samlast me og «syng jola inn» i Nain kl 15.00. Då vil fleire vera med å ta del med song og musikk, og det vert og god anledning til å vera med å syngja jolesongane – både gamle og nye.

Dette vert ei flott stund for liten og stor – unge og eldre! 🙂