Nain under forandring!

For den som har vore på Vangen i sommar, vil ein sjå at det skjer saker og ting med Nain. Spennande! Ser fram til å får eit meir funksjonelt lokale. Nokre glimt frå byggeperioden……DSC_2318   DSC_2323DSC_2669DSC_3252DSC_3256

Framleis god sommar!

Når me ser tilbake på første halvdelen av dette året, vert me fylt av takksemd og glede! Mykje flott har skjedd i forsamlinga – stort å få vera med på at menneske opnar seg og slepper Jesus til i livet og får ta i mot frelsa Han har å gje. Noko som gjev sikkert fundament og håp for livet.

pinse
Ein del av forsamlinga ved dåpen 1. pinsedag.

Å la Jesus vera herre i livet fører til vekst, og frukta av det er menneske som bryr seg om  og hjelper kvarandre. På den måten veks fellesskapet.

Spennande å sjå framover, og me har forventning til Gud! Han ynskjer å velsigna og inviterer oss til å vera med på det han gjer . Difor er det vår bøn at me som enkeltmenneske og fellesskap får vera i Guds leiing til velsigning for bygda vår, og at det får ringvirkningar vidare utover!

Purimfest i Nain

DSC_1791 b

Laurdag 15. mars feira me purim-festen i Nain.DSC_1801

 

 

Dette er ein jødisk fest til minne om korleis Gud berga sitt folk frå å vera utsletta.  I persarkongen Ahasverus’ (Xerxes) regjeringstid blei jødejenta Ester vald som dronninga hans.

DSC_1856Kongen sin øvste tenar, Haman, planla ei jødeforfølging og fekk kongen si godkjenning til dette, men Ester og hennar fosterfar Mordekai greidde å øydeleggja planen ved å gje jødane anledning til å forsvara seg.  Dei fikk hjelp av mange av persarane, og Haman og hans medhjelparar blei drept i staden. Denne festen vert feira den 14. i månaden adar som i vår kalender vert i midten av mars – dette året 15. mars.

Gud har lova å ta seg av sitt folk – også me som trur på Jesus er guds folk, og me har hans lovnad om at han vil ta seg av oss! Grunn til å feira 🙂

DSC_1831