Velkomen på Alpha-kurs – oppstart 3. oktober!

Kven er Alpha for?

  • Deg som ynskjer å undersøkja kva den kristne trua er
  • Deg som har ei tru du ynskjer å pussa støvet av
  • Deg som ynskjer å veksa i trua

Korleis er ein Alpha-kveld?

Måltid

Alle kveldane startar med eit måltid – det er godt å eta saman, og då er det også lettare å verta kjend med nye.

Undervisning

Tankevekkande innlegg om den kristne trua (Sjå tema lenger nede på sida)

Kaffi

Etter undervisninga er det eit kvarters pause med ein kopp te eller kopp kaffi.

Smågrupper

Her kan ein stilla spørsmål – ingen spørsmål er feil eller for dumme. Ingen skal pressa deg til å tru eller å gjera noko du ikkje er klar for. Dette er din arena for å finna nye vener og uttrykkja dine meiningar om livet og temaet for kvelden.

Kvar – kor lenge – kva kostar det?

Dette kurset er eit samarbeid mellom Frelsesarmeen og Nainkyrkja

Ein samlast 10 kveldar kl. 18.00-20.30. Komande kurs vert på tysdags-kveldane vekselvis i Nain og i Frelsesarmeen, og det startar opp tysdag 3. oktober.  Kurskvelder før jul: Okt – 3. 10. 31. Nov – 7. 14. 21. 28. Tre kurskvelder i januar: 16. 23. 30. I tillegg kjem ein weekend-tur (fredag til laurdag) 17.-18. november.

Prisen for kurset er kr. 500, – det inkluderer eit kurshefte.

Kontakt, påmelding:

Har du spørsmål, eller ynskjer du å melda deg på, kan du ta kontakt med 

Frelsesarmeen: Katherine Seedeell tel. 45229919 epost: katherine.seedell@frelsesarmeen.no

Nainkyrkja: Knut Kvamme tel. 95242719 epost: knut@nainkyrkja.no

Frist for påmelding måndag 28. september.  

Tema

Kven er Jesus?

Kvifor døydde Jesus?

Korleis kan eg vita at eg trur?

Kvifor og korleis be?

Kvifor og korleis lesa Bibelen?

Korleis leier Gud oss?

Kven er Den heilge ande?

Kva gjer Den heilge ande?

Korleis kan eg verta fylt av Den heilge ande?

Korleis gjera det beste ut av resten av livet mitt?

Korleis stå imot det vonde?

Kvifor og korleis fortelje andre om det?

Helbreder Gud i dag?

Kva betydning har kyrkja?