Me syng jola inn

julEtter grautserveringa laurdag samlast me og «syng jola inn» i Nain kl 15.00. Då får me besøk av Markus og Wendy Gjerstad som vil gleda oss med song. I tillegg vil lokale song- og musikkrefter vera med å ta del med song og musikk, og det vert og god anledning til å vera med å syngja jolesongane – både gamle og nye.

Dette vert ei flott stund for liten og stor – unge og eldre! 🙂

Førjols-graut i Nain

graut2Laurdag 13. desember er det all grunn til å leggja turen innom Nain! Frå kl 13.00-14.30 serverer me graut – og den er gratis! Kom innom og nyt god risgraut saman med andre. Så vert det også høve til å ta seg ein kopp kaffi eller te med noko attåt.