Ungdomsklubb i Nain

ungMe er godt i gong med ungdomsklubben denne våren. Me har hatt filmkveld og akekveld, ete taco og pizza. Me har leika og me har laga litt hobby.

Neste gong er førstkomande laurdag ( 9. april)  kl. 18.00-21.00. Det er mogeleg å spele Yatzi , kort, sjakk eller andre spel. Me har framme litt andre bordspel også. Andaktsstund. Bønn.

Mat er viktig så me har eit  godt måltid bak i vetlesalen. Denne gongen vert det rundstykker med godt pålegg, kakao, agurk, gulrot og dipp.

Dei neste datoane for våren er: 30 april og 28 mai.

Me har ei eigen facebookside. Der vert det lagt ut informasjon undervegs.                            Adressa er:   www.facebook.com/ungdomsklubbinain

Fredagsklubb i Nain

20160304_204943Fredagsklubben er godt i gong og me har hatt nokre gode klubbkveldar. Her er bilete av flotte ting som vart laga på påskeverkstaden. Det er stor aktivitet både i hobbykrok, med ballspel, bordspel mm. Etter eit godt måltid med pizza og grønnsaker med dipp, er det populært med Quiss. Det er ingenting å seie å innsatsen.

Me har hatt ulike tema under andaktane: Skapelsen, kvifor me feirar påske, kva vil det seie å vere ein god ven, Jesus som ven mm.

Det er flotte bor20160304_205345ne me får bli kjende med!

Dei neste fredagsklubbkveldane utover våren er:                            1 april, 22 april og 20 mai

Skaping – evolusjon?

skapingevolusjonLaurdag vert det tema-dag i Nain der tema rundt skaping og/eller evolusjon vert teke opp.

  • Kva med Bibelens truverde i møte med dette temaet?
  • Kva med Bibelens sjølvforståing i møte med vitenskapen?
  • Kva konsekvensar vil dette få for synet på korleis me ser på universet og korleis alt er vorte til? 

Jogeir Lianes vil forelesa om dette. Han er ein av forfattarane av boka «Skapelse og/eller evolusjon – Hva sier Bibelen?»  Det vert høve til spørsmål og samtale i samband med dei ulike tema som vert teke opp. Det vil også verta servert kaffi/te i pausane. Ta gjerne med niste. Dette vert ein spennande dag om eit engasjerande og viktig tema!

Jogeir Lianes vert også med på sundagsmøtet 3. april kl 17.00.