BIBEL-MARATON i NAIN!

hjerte-bibelen-620Bibelen er den mest selde og mest leste boka i verda. Denne eldgamle boka er framleis aktuell, forandrar liv og gjev håp til menneske over heile verda.  Komande veke vil heile Bibelen verta lest høgt i Nain!

Det heile startar etter møtet sundag føremiddag kl 13.00-21.00. Deretter vert det frå måndag til laurdag lest kvar dag frå klokka 09.00 om morgonen til klokka 21.00 om kvelden. Då er Nain open, og det er høve til å koma innom, setja seg ned, finna roen, ta ein kopp kaffi og høyra Bibelen lest høgt. Velkomen til eit unikt møte med bøkenes bok!

Tur for heile storfamilien i Nain

worship12Søndag 8 mai reiser me på tur.

Me reiser frå Nain kl. 11. Målet for turen er Sætervika ( leirplass i Samnanger) Der kan me utfolde oss i naturen med bl.a. klatrepark og kano, eller du kan sitte på ein benk og nyte god prat.

Det vert ei samling med song og andakt.

Mat: Me fyrer opp grillen, de tar med grillmat. Kan nokon ta med kaffimat vil me gjerne høyre frå dykk. Kaffi ordner Sætervika.

Det koster kr. 70 pr. person til Sætervika. ( vert det litt mykje så hjelper me kvarandre)

Meld deg på innan fredag 6.mai til: Grete Fjellheim Måkestad:  97655909/gretefm@hotmail.com
Irene Skjervheim: 41687880/irene.sk@online.no  eller Berit Hauge Våle 91654950/berithv@gmail.com

Velkommen!!