Visjon og verdiar

Visjonen vår: Me vil vinna menneske for Guds rike!

Kva vil me skal kjenneteikna Nainkyrkja?
Kva verdiar skal vera berande for fellesskapet vårt?
Me har sett på kva som kjenneteikna dei første kristne – kva dei la vekt på.
I Apg 2:42 finn me noko dei heldt “urikkande” fast på: Dei heldt urikkande fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, ved brødsbrytinga og ved bønene.
Det må vera fordi dette var verdiar som var svært viktg å prioritera. Fruktene av dette ser me også i framhaldet: …..Og kvar dag la Herren til nye som lét seg frelsa. (Apg 2:47)
Me ynskjer at dette også skal vera verdiar for vårt fellesskap

Verdiar:

1. Bibelen Bibelen er ei levande og kraftfull bok. Ho skaper tru, gjev liv, set oss i stand til å bera frukt og gjev oss retning i livet. Bibelen skal vera bestemmande både i det me står for og livet me lever (2Tim 3:16-17). Bibelen er ikkje gjeven for å auka vår kunnskap, men for å forandra våre liv (Moody).

2. Fellesskapet Alle som har sagt ja til Jesus som frelsar, og fylgjer han som Herre i livet, er ein del  av Guds familie (Ef 2:13-22). Dei første kristne var mykje saman. Men endå viktigare: Kva som prega dei då dei kom saman. Det førte til sterke band og indre styrke. Det vart sagt om dei første kristne: Sjå kor dei elskar kvarandre! Slike fellesskap vil ha ei dragande kraft i seg på som står på utsida. Me ynskjer at dette skal prega oss. Eit ope og inkluderande fellesskap.

3. Nattverden Nattverden er eit måltidsfellesskap med Jesus. I nattverden får me eit reellt møte med Frelsaren og hans tilgjeving og nåde (1Kor 11:23-26). Difor er dette eit styrkemåltid på vegen mot målet. Dette vert feira der Guds familie er samla. Dette var noko dei første kristne gjorde ofte. Det ynskjer me også skal vera noko som pregar fellesskapet vårt – fordi me treng det!

4. Bøn Bøn vert gjerne kall åndedretten i kristenlivet. I dette ligg Guds anledning til å sleppa til i våre liv og omgjevnader – med tilgjeving, oppreising og frigjering. Bøn inneber m.a.: Forbøn(1Tim 2:1-2), bønekamp( Jak 4:7-10, Ef 6:10-18), syndsvedkjenning (1Joh 1:9), bøn for sjuke (Jak 5:14-15; Apg 28:8), takkseiing (Fil 4:4-7), tilbeding (Salme 66:1-9). I Bibelen finn me også mange bøner som me kan gjera til våre – ikkje minst bøna Jesus sjølv lærte oss; Fadervår (Matt 6:7-14). Viser også til Luthers vesle katekisme – om bøn, og Håndbok for bedehuset kap 5.

5. Kjærleik Som kristne har me djupast sett to retningar: Å elska Gud og å elska menneska: Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta …. og nesten din som deg sjølv. (Lk 10:27)
Som Guds born har me Jesus som frelsar og Gud som far – Me har møtt og teke i mot kjærleiken frå Gud gjennom Jesus – me har fått kjærleiken utrend i våre hjarto ved Den Heilage Ande (Rom 5).  Kjærleiken fører til overgjeving og tilbeding av Gud (Rom 12:1ff).
Dette får også konsekvensar for medmenneska våre. Me skal elska menneska. Dette ynskjer me skal prega oss i måten me møter dei på: Gennom haldning, ord og gjerningar – kjærleiksgjerningar.

6. Forvaltaransvar Som menneske har me av Gud fått ansvar for å ta oss av skaparverket og forvalta det, ikkje forbruka det. Me ynskjer å ta dette på alvor midt i ei tid der forbrukarmentaliteten er dominerande – her vil me lyfta fram forvaltartanken i ord og liv.

7. Oppdrag Grunnen til at me i det heile er på jorda enno, er at det er så mange som enno ikkje er ein del av Guds rike. Oppdraget vårt er å gjera menneske til læresveinar (disiplar) (misjonsbodet Mt 28). Dette skal prega heile vårt liv og virke. Dette skal ikkje berre vera ein aktivitet me driv, men vera måten me lever våre liv på. I den seinare tid har me brukt uttrykket å vera eit misjonalt fellesskap. I det ligg akkurat denne dimensjonen.