Lover for Voss Indremisjon

§1 Grunnlag

Voss Indremisjon er ei forsamling som byggjer arbeidet sitt på Bibelen Guds Ord, og den evangelisk lutherske vedkjenning.

På dette grunnlaget driv forsamlinga alt sitt arbeid, kallar frivillige og eventuelt tilset sine arbeidarar.

§2 Føremål og arbeid

Føremålet åt forsamlinga er å fremja kristeleg opplysning og vekkja og nøra eit sant kristeleg liv. Dette vil ein arbeida fram imot:
1. Ved føredøme, påminning og kristelege kjærleiksgjerningar.
2. Ved oppbyggelege samvær med bøn, frie vitnemål, song og samtale om Guds Ord og andre kristelege emne.
3. Ved å elska fram nådegåver i forsamlinga og ta dei i bruk. (1. Kor 12)
4. Ved å få frivillige eller leigde arbeidarar, som har tillit, til å forkynna Guds Ord.
5. Ved å hjelpa fram og stø sundagsskulen, barne- og ungdomsarbeid og anna kristeleg arbeid.
6. Ved å spreia Den Heilage Skrifta og kristeleg media, som er i samsvar med §1.
7. Ved å verka i broderleg sameining med dei andre kristne fellesskapa.

§3 Status og ansvar

Voss Indremisjon er tilslutta Indremisjonssamkipnaden og med det også Indremisjonsforbundet. Indremisjonssamskipnaden og Indremisjonsforbundet har tilsynsmyndigheit.

Voss Indremisjon er ein sjølveigande og ikkje-kommersiell (non-profit) medlemsbasert forsamling med upersonleg og avgrensa ansvar for gjeld.

§4 Medlemskap

§4a. Voss Indremisjon tek etter søknad opp i fullt medlemskap dei som:

  1. har fylt 15 år
  2. er døypte med kristen dåp
  3. vedkjenner seg trua på Jesus Kristus som frelsar og Herre
  4. er gjort kjent med, og er lojale mot forsamlinga sitt grunnlag, formål og arbeid.

§4b Born av foreldre som er medlemer i forsamlinga, vert skrivne inn i medlemsregisteret med avgrensa medlemskap ved dåp. Born som er døypt i andre forsamlingar, vert skrivne inn med avgrensa medlemskap etter melding frå foreldra. Frå born blir 15 år, kan dei sjølve velja om dei vil verta tekne opp i full medlemskap. Om ein ikke har valt fullt medlemskap ved fylte 18 år, misser ein medlemskapen sin.

Avgrensa medlemskap medfører ikkje krav om innbetaling av kontingent. Det gjev ikkje stemmerett. Personar over 18 år kan ikkje få avgrensa medlemskap.

§4c Dersom nokon ynskjer å melda seg ut av forsamlinga, sender ein skriftleg melding til styret.

§4d Ein medlem som lever eit ukristeleg liv, aktivt motarbeider forsamlinga sitt formål og grunnprinsipp, eller oppfører seg illojalt mot forsamlinga, og som ikkje retter seg etter gjentekne oppfordringar frå styret, kan missa medlemskapen sin.

Avgjerda vert teken av styret, men kan etter oppmoding frå den aktuelle medlemen bringast  inn for årsmøtet til endeleg avgjerd.

§5 Kontingent

Kontingenten vert fastsett av årsmøtet etter forslag frå styret. Medlemer som ikkje har betalt kontingent i det føregåande kalenderåret har ikkje stemmerett på årsmøtet. Nye medlemer må ha vore medlem minst ½ år for å ha stemmerett på årsmøtet.

Dersom nokon ikkje har betalt kontingent i to år, misser ein medlemskapen sin.

§6 Årsmøte

§6a Forsamlinga si høgste myndigheit er årsmøtet. Det vert halde kvart år innan utgangen av februar månad. Årsmøtet vert innkalla av styret med minst 1 månads varsel. Forslag som skal handsamast i årsmøtet, må være motteke av styret seinast 2 veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste må vera tilgjengeleg for medlemene minst 1 veke før årsmøtet.
Berre personleg frammøte gjev stemmerett. Årsmøtet er vedtaksført med det tal medlemer som møter.
Benkeforslag til sak kan handsamast på årsmøtet når ¾ av dei frammøtte krev det.

§6b Årsmøtet handsamar:

  1. Årsmelding frå styret og avdelingene
  2. Revidert årsrekneskap
  3. Eventuell endring av kontingent
  4. Andre saker som styret eller medlemer legg fram

§6c Årsmøtet vel:

  1. Ordstyrar, to referentar, og to til å skriva under protokollen for årsmøtet.
  2. Formann.
  3. Styremedlemer.
  4. Varamedlemer.
  5. To medlemer og ein varamedlem til valkomité. Styret vel ein tredje medlem.
  6. To revisorar.

§6d Årsmøtet gjer sine vedtak med vanleg fleirtal. Lovendringar krev 2/3 fleirtal.

§6e Ekstraordinært årsmøte kan det kallast inn til når 2/3 av styret, eller 1/3 av medlemene ber om det.

§7 Styret

Styret består av fem medlemer.
Formann vert vald av årsmøtet for eitt år om gongen.
Medlemene vert valde for to år om gongen, slik at det kvart år går ut to. Desse kan veljast att.
Ingen i styret bør sitja samanhengande meir enn 6 år.
Styret har tre varamedlemer som vert valde for eitt år.
Første varamedlem møter fast i styret.
Utanom formann, konstituerer styret seg sjølv.
Styret er vedtaksført når minst fire er til stades.
§7b Forsamlingsleiaren møter i styret med tale- og forslagsrett, men ikkje med røysterett.

§8 Styret sine oppgåver

§8a Styret skal:

  1. Setja i verk og føra kontroll med årsmøtet sine vedtak og avgjerder.
  2. Forvalta og føra kontroll med Voss Indremisjon sin økonomi. Større økonomiske saker må handsamast av årsmøtet, og leggjast fram for krinsstyret til orientering.
  3. Syta for at arbeidet vert drive i samsvar med Voss Indremisjon sine lover.

§8b Styreformann og eitt styremedlem i fellesskap har signaturrett.

§8c Styret kallar og tilset dei arbeidarane forsamlinga treng i samråd med styret for Indremisjonssamskipnaden.

§9 Lovendring

Endring av lovene må ikkje vera i strid med § 1, 2 eller 3. Endring av lovene kan berre gjerast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte, med 2/3 fleirtal. Framlegg til endring av denne lova må vera sendt styret 2 månader før årsmøtet.

§10 Oppløysing

Dersom laget etter samråd med Indremisjonssamskipnaden må leggja ned verksemda si, skal Indremisjonssamskipnaden ha førsterett til midlar og eigedom. Då slik at det kjem vossebygdene til gode.

Vedteke på årsmøtet 23. februar 2011